Du er her: Hjem / Grieg Force / Grieg Force nyheter /

A-MOLLKONSERTEN OG MUSIKALSK UTTRYKK
28. februar 07
Grieg sin klaverkonsert i a-moll er ein av dei mest spelte klaverkonsertane, og i si hovudoppgåve frå 2006 nyttar Ådne Meling fem nyare innspelingar av klaverkonserten som utgangspunkt for å studera musikalsk uttrykk. I denne artikkelen presenterast ei oppsummering av arbeidet
 
Grieg sin klaverkonsert i a-moll er ein av dei mest spelte klaverkonsertane.
 
Hovudoppgåva til Ådne Meling frå 2006 har tittelen ”Konturar av interaksjon: Om uttrykk og veremåtar i fem innspelingar av Klaverkonsert i a-moll av Edvard Grieg.” Hovudoppgåva brukar fem nyare innspelingar av klaverkonserten som utgangspunkt for å studera musikalsk uttrykk.
 
Oppgåva baserer seg for det første på den såkalla konturteorien for musikalsk representasjon, som seier at mennesket har nedarva ein tendens til umedvite å oppleva musikk som ein analogi til menneskelege uttrykk generelt. Oppgåva baserer seg for det andre på sosial interaksjonsteori, som analyserer menneskelege kjensler i samband med sosial interaksjon.
 
Konturteorien for musikalsk representasjon samt teoriar om kjensler i menneskeleg interaksjon blir brukt som bakgrunn for analysane av dei utvalde innspelingane. Det har vore skepsis blant somme musikkvitarar til om musikk kan representera kjensler og uttrykk, men oppgåva tek utgangspunkt i nyare filosofi, der er det konsensus om at det er rimeleg å tala om slik representasjon.
Hovudoppgåva studerer dei utvalde innspelingane med bakgrunn i forholdet mellom behovet for autonomi og behovet for samhald i sosiale relasjonar. Oppgåva peikar på somme musikalske gestar som relasjonelle, mens andre gestar blir forstått som distanserande. Meininga i den musikalske gestikken er i følgje oppgåva delvis universell, men også kulturell og kognitiv bakgrunn hos lyttaren vil vera medverkande for kva slags tolkingar av uttrykket i innspelingane som er moglege.

Musikkvitskapen har utvikla apparat av omgrep for å analysera partitur av klassisk musikk, men apparat for å analysera innspelingar er ikkje så utvikla. I tillegg til å prøva å forstå uttrykket og veremåtane i dei fem innspelingane som blir studert, er det derfor ein ambisjon i hovudoppgåva å gje eit generelt tilskot til teoriutvikling for analysar av det klingande materialet som blir produsert av utøvarar av klassisk musikk.
 
Ådne Meling er utdanna cand philol med hovudfag i musikkvitskap frå 2006.


Utdrag fra A-mollkonserten
Foto: Norsk musikksamling


ARKIV:
06.11.07 Bian Liunian spiller erhu, et kinesisk strengeinstrument. Da Rikskonsertene introduserte ham for den norske fiolinisten Henning Kraggerud, ble resultatet en turné i Norge i samarbeid med Grieg 07. Siden slutten av oktober har de to reist rundt sammen med pianisten Christian Ihle Hadland og den kinesiske sangeren Wang Yan. - Jeg ville gjerne koble Bian og Henning fordi jeg opplever at de har noe av den samme musikalske friheten både teknisk og musikalsk, sier Lise Lundh, som har vært produsent for prosjektet.

28.02.07

06.01.07



Klikk her for å få en utskriftsvennlig version av denne siden.Utskriftsvennlig version